Vondskapstyranniet
Primary tabs
Vondskapstyranniet
Tysdag 26. april sa Stortinget nei til å tinga ei ekstern gransking av Noregs rolle i Libya-krigen. Norske kampfly spela ei viktig rolle i borgarkrigen der Gaddafi vart avsett og avretta. I dag er Libya eit land utan stat, eit friområde for konkurrerande grupper med kvar sine væpna styrkar og eit av dei sterkaste haldepunkta for IS-relaterte grupper.
Kvifor sa Stortinget nei? Forklaring fekk vi sist veke. Noreg er klar for nye utanrikspolitiske eventyr. Denne gongen skal vi gå inn i Syria. Norske soldatar skal læra opp syriske grupper som skal kjempa mot IS. Det er naturlegvis samanheng mellom det resolutte nei-et til faktiske kunnskapar om kva som skjer som konsekvens av den norske krigsinnsatsen, og det nye engasjementet.
Mislukka
Den kunnskapen som ei ekstern gransking kunne gje, ville gje autoritet til det dei fleste for lenge sidan har observert. Dei vestlege intervensjonane i Midtausten og Nord-Afrika har vore totalt mislukka. Desse inngrepa har ikkje skapt islamismen, som er ei sjølvstendig kraft, men dei har skapt sympati og tilstrøyming til dei islamistiske rørslene. Det gjeld framfor alt aksjonane i Irak og Libya, og det gjeld også støtta til ulike grupper i Syria, som ingen veit kven er, og det gjeld Afghanistan.
Regjeringa Solberg, som kjempar heroisk for å stogga flyktningstraumen, om det no er i Finnmark eller i gresk farvatn, går vidare med ein forsvarspolitikk som utan tvil vil auka flyktningstraumen. Røynslene så langt er nokså eintydige: Ein går inn i ein konflikt i Midtausten utan ein plan, utan eit truverdig utkast til ei politisk løysing og sluttar seg til grupper fordi dei har same fiendar som oss. Så endar det med at desse gruppene tek til å leva sitt eige liv. Og i neste omgang dukkar dei opp som nye fiendar.
Objektivering
Den vestlege arrogansen er utilgjeveleg: Ein kalkulerer ikkje med at dei lokale aktørane kan ha sin eigen vilje og agenda, ein reknar med at dei tvangsfritt vil gå inn og tena våre føremål. Det blir kalla objektivering. Ein spelar med andre aktørar som om dei var medvitslause brikker i vårt spel. Vil ein ha eit anna namn på dette, kunne ein kalla det vondskapstyranni. Som har det til felles med godleikstyranniet at det er til hinder for open debatt.
Tilhengjarane av den resolutte politikken til regjeringa har eit enkelt svar på dei innvendingane eg reiser her. Dei spør om vi berre skal la grupper som IS/ISIS halda fram og få makt? Må vi ikkje kjempa mot dei, før dei øydelegg oss alle? Dette er ei innvending ein må svara på, men som i utgangspunktet er laga for å leggja debatten død, slik Stortinget har vilja det.
Men det finst faktisk eit svar på denne innvendinga. Det som gjer at grupper som IS veks og blomstrar, er at dei får tilført ressursar i form av pengar og våpen. Den effektive måten å bremsa makta deira på, er ikkje vanskeleg å forstå; han er vanskeleg å gjennomføra. Den handlar om å stogga innføringa av våpen og militære ressursar til desse områda. Den norske innsatsen handlar om det motsette. Dersom stormaktene ville ha slutt på krigane, måtte dei laga ein effektiv boikott av våpen til desse områda. Då ville krigane ebba ut etter ei tid.
Mektig våpenindustri
Kvifor gjer dei ikkje det? Det er to grunnar til det. Den eine er at våpenindustrien er så mektig at den langt på veg dikterer politikken. Ein politikk som set grenser for våpenindustrien, er svært vanskeleg å få gjennom i USA, som er eit kjerneland. Det andre er at stormaktene vil ha fotfeste i regionen, det gjeld både Russland og vestmaktene. Difor fører dei våpen inn i landa, ikkje ut av dei, og dei nører opp under konfliktane for å skaffa seg spelerom.
Kva er så rolla til Noreg i dette? Den norske rolla er at vi gjer det vi blir fortalde av våre store allierte. Vi peikar ikkje på kva veg straumane av pengar og våpen går, men vi stiller opp når dei USA og dermed våpenprodusentane vil ha oss på plass. Det er den dystre sanninga, og denne sanninga vil regjeringa Solberg ikkje ha nokon diskusjon om. Difor skal ikkje denne politikken granskast, og difor blir avgjerda om å ta del i krigen i realiteten ført utanom Stortingssalen.
Heiderlege menneske er skaka av dei tragediane som skjer i Syria og nabolanda. Vi greier ikkje ta det inn over oss. Men det er nokon som ikkje er skaka, og det er dei som sender inn våpen til begge sider, slik at konfliktane kan halda fram. Desse aktørane er nærare oss enn vi likar å tenkja på. Det er kjernen i vondskapstyranniet.
Det er uetisk og meiningslaust at vi skal halda fram denne spiralen av destruktiv politikk. Vi ofrar gladeleg syriske liv, og no skal vi også ofra norske. Og vi skal læra opp folk til å ta liv, utan at vi kjenner saksforholda eller politikken. Grunngjevingane skal ikkje diskuterast og konsekvensane vil vi ikkje vita noko om.
Det er ikkje nok med spede protestar og lesarbrev mot dette. Det er på tide at etisk reflekterte aktørar i utanriksteneste og militærstell set foten ned og manar til sivil ulydnad.
Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og
fast skribent i Dag og Tid.
- Log in to post comments
- 248 reads